Heim

Garden Haukaas ligg i Tinn kommune, om lag 4,5 km frå bygdesenteret Tinn Austbygd. Haukaasgrenda ligg høgt og fritt på solsida i Øvre – Austbygde. Gamle Telemarkstun og nye husvere og driftsbygningar ligg vakkert til i eit velstelt kulturlandskap.

Utsynet frå garden – som ligg 520 m.o.h. – er storslått. Mot sør-vest ser ein Austbygde og Tinnsjøen. Majestetisk over Tinnsjøen kneisar Gaustatoppen med sine 1883 m.o.h. Mot nordvest ser ein fjella mot Hardangervidda. Bak garden – mot aust – ligg det næraste turterrenget. Her kan ein gå opp den skogkledde lia og innover åsen.
Ein passerer heimsetra Smærhovde før ein kjem inn på eit lite fjellparti som heiter Rivsfjell, om lag 1200m.o.h. Fjellet er småkuppert med mange fine fiskevatn. Frå den høgaste toppen ser ein Blefjell, deler av Hardangervidda og sjølvsagt Gaustatoppen.

Mange gardar i Tinn er svært gamle, truleg 2-3000 år eller meir. Etter gardsnamnet -ås å døme, var det på Haukaas truleg busetjing frå mellomalderen, ein gong mellom 1050-1350.

Denne fjellgarden kan vi lese om heilt tilbake til 1536 i «Tinn-soga». Den gongen var dei no 6 grannegardane ein stor gard. Garden vart delt opp i to i 1610, ein fullgard og ein halvgard. Vi følgjer fullgarden vidare 200 år framover i tid , og ser at den no var delt opp i 5 gardar.

Om vår del av garden Sud-Haukaas kan vi lese i «Tinn-soga» at eigarane selde garden i 1848 og drog til Amerika. Ei ny slekt kom til Haukaas, og det er denne slekta som har garden i dag.

Hytteutleige

 

GAMLESTOGO (LEDIG)

Huset er bygd i 1850. Det er lafta av svært godt grantømmer i to etasjar. Halve kjellaren er graven ut, der det i sjølve muren er mura inn hyller og rom til kaldt matlager. Stoga var på denne tida både stoge, kjøkken og soverom. I lyset frå peisen kunne dei utover kvelden drive med karing, spinning, veving og bonding (strikking). Karane sat m.a. og spikka og reparerte ymse redskap, og smurte seletøyet til hesten. «Sjavfolket» låg i stoga, medan kårfolket låg i «klevin»(eit lite rom ved sida stoga). Ungane låg oppe på «himlingen» (i andre etasje). Dei hadde ikkje innlagt vatn. Dei henta vatn i ei olle (jordvatn) oppunder berget. Rundt 1920 laga dei ei renne ved å hole ut ei ripilgran (tettvaksen gran). Renna gjekk heilt fram til hjørnet på gamlestogo. Skulle dei på toalettet måtte dei sjølvsagt gå på utedoen.

BERGLI (UTLEID)

Dei trong mykje ved til oppvarming og koking. I tillegg til veden var det oppå hjellen eit rikt lager av emne til tre, t.d. ljåorv, riveskallar, riveskaft, tresko, ski og sledemeiar. Vedskjolet var difor samstundes ein verkstad, der reiskap vart laga og reparerte. Det var ikkje berre å gå på butikken for å kjøpe nytt på den tida. Då dei var i skogen på tømmerhogst eller vedhogst, hadde dei alltid augene og tankane med seg for å finne særskilde emne til ulike reiskap.

Nyheiter

Hei, verden!

Velkommen til WordPress. Dette er ditt første innlegg. Rediger eller slett det, og start bloggingen!

Kontakt oss

Dette er en side med noe grunnleggende kontaktinformasjon, slik som en adresse og et telefonnummer. Du kan også prøve en utvidelse for å legge til et kontaktskjema.